Me er her ennå. Varmetida er definitivt i gang, og har markert seg med 43-44 grader i dag. Det betyr konstant svetting, sjølv i stillstand. Med vifter og AC på har me komt ned i 34 grader i stova på gjestehuset nå i kveld, deilig. Det blir heldigvis mykje kaldare på soverommet om natta, fordi det er mykje mindre.
Statskuppet tuslar og går. Andre misjonærar var innom her i dag, og kunne fortelle at Bamako oppfører seg som normalt i dag, politiet er tilbake i gatene, og dei hadde ikkje sett militære. Motstanden mot kuppmakarane er fortsatt stor både nasjonalt og internasjonalt, men det er og mange som støttar dei, og meiner at det var nødvending. Eit rykte seier at president ATT hadde etterfølgjaren sin klar til valget om ein månad, og at det i realiteten ikkje ville hjelpe med eit valg. Om det stemmer veit eg ikkje. No er det vel heller tvilsomt om det blir noko valg i heile tatt.
Me har fått billettar til torsdag morgon, og kjem heim fredag! Hurra! Desverre kan me ikkje gire oss opp for mykje. Avreise forusetter at flyet me skal fly me torer å lande i Bamako, og at me kan komme oss trygt til flyplassen. Begge deler er forholdsvis usikkert, den som lever får sjå, men eg håpar verkeleg at me kjem oss heim nå!
I dag har eg sprunge i trappene, løfta litt vekter, åte pizza levert på døra (namnam!), åte tigadegena (peanøttsaus med ris, nam det og), svetta i lange banar, trykt mykje på data og lest litt bok. No står seng og AC for tur. Natta er dei einaste tida på døgnet me ikkje svettar/er klamme no, så lenge strømmen er her.
Eit bilde som ikkje har nokonting med statskupp å gjere; eg og den flotte navnesøstera mi i Bafoulabe, Dian. Her på tamtamfesten ho arrangerte til ære for meg då eg reiste. (Foto: Gunhild Lygre)
Tilstandsbeskrivelse. (Spritebrus i flaska!) Ingeborg har hatt fotosession... (Foto: Ingeborg Lygre)